Skildring av teneste

IKTNH skal bidra til at kommunane sine innkjøp av ikt-ressursar vert så gunstige som mogleg, ved å

  • sjå til at nytt utstyr eller ny programvare som vert kjøpt inn, så langt mogleg er kompatibelt med eksisterande utstyr og programvare,
  • sjå til at eventuelle stordriftsfordelar vert utnytta når avtalar vert inngått eller fornya,
  • bidra til at anbodsinnbydingar er utforma slik at både omsyn til bruken i kommunane og tekniske omsyn kan vurderast i anbodsprosessen,
  • sjå til at alle anbodsprosessar og innkjøp vert gjennomførte i tråd med gjeldande lover og forskrifter for offentlege innkjøp.

IKTNH er eineansvarleg for anbod som gjeld innkjøp eller leige av ressursar knytt til infrastrukturen i nettverk og servarpark. Dette omfattar

  • pc-ar og periferutstyr til desse (inkludert skrivarar),
  • operativsystem og anna standard programvare til desse,
  • nettverksutstyr og utstyr til servarpark,
  • operativsystem og annan programvare til nettverk og servarpark,
  • telefoniutstyr og programvare knytt til dette,
  • av-utstyr.

I samband med innkjøp av fagsystem som vert initiert av kommunane skal IKTNH vere ein aktiv og ansvarleg deltakar i prosessen.

 

Skildring av gjeldande kvalitetskrav – tenestespesifikasjonar

  • Det ligg føre eit gjeldande avtalegrunnlag for alle ikt-relaterte investeringar.
  • Alle avtalar er inngått i tråd med gjeldande lover og forskrifter for offentlege innkjøp.
  • IKTNH har sett til at naudsynte tekniske og datafaglege omsyn er tekne når avtalar vert inngått eller fornya.

På neste side kan ein lese meir detaljert om denne tenesta.

Print Friendly, PDF & Email