Skildring av tenestelevering

  • IKTNH skal vere ein aktiv aktør i alle anbods- og innkjøpsprosedyrar som gjeld tenesteområde IKTNH driftar for kommunane, og har ansvar for å stille med naudsynt datafagleg og innkjøpsfagleg kompetanse.
  • Dette skjer ved at IKTNH er representert i utvala som skal førebu nye innkjøp. Dagleg leiar i IKTNH peikar ut vedkomande som skal representere IKTNH, ut frå ei heilskapleg vurdering av kompetansebehovet i kvart einskilt utval.
  • Når dette gjeld kommunar som nyttar IKTNH sin DPO, skal vedkomande vere representert særskilt når innkjøpet må kvalitetssikrast med omsyn til personvern.
  • IKTNH inngår og fylgjer opp avtalar på vegne av alle dei samarbeidande kommunane innan dei tenesteområda som IKTNH leverer tenester innan.
  • IKTNH kan inngå og fylgje opp avtalar på vegne av ein einskild kommune, i tråd med inngått avtale mellom IKTNH og vedkomande kommune.

Skildring av føresetnader for oppfylling av tenestespesifikasjonane

  • Kommunane melder inn nye behov for utstyr og programvare gjennom brukarstøtteapparatet.
  • IKTNH er gjort kjent med, og har bidrege i, dei prosessane som har ført til beslutning om innkjøp.
  • IKTNH og kvar einskild kommune forpliktar seg på sjå til at det ligg føre eit gjeldande avtalegrunnlag for alle ikt-relaterte investeringar.
  • IKTNH og kvar einskild kommune forpliktar seg på å foreta sine investeringar i tråd med inngåtte avtalar.

Skildring av rutinar for kvalitetskontroll

Revidert driftsrekneskap for IKTNH og den einskilde kommunen skal godtgjere at innkjøp og investeringar har skjedd i tråd med inngåtte avtalar.

 

Skildring av prosedyrar for avvikshandsaming

Uynskte hendingar/avvik knytt til kommunane sin bruk av data skal meldast. Alle tilsette i kommunen pliktar å melde frå om uynskte hendingar / avvik som er knytt til kommunen si forvaltning av data.

IKTNH har utarbeidd ei eiga orientering om korleis ein kan gjere dette – den finn ein her.

 

Print Friendly, PDF & Email