Skildring av tenestelevering

  • Microsoft Endpoint Protection vert installert på arbeidsstasjonane i samband med utrulling av Configuration Manager klienten. Alle arbeidsstasjonar som vert installert og sett opp av IKTNH får disse applikasjonane installert.
  • Oppdatering av antivirus signaturfiler skjer gjennom Windows oppdateringar. IKTNH har overvaking på kva for arbeidsstasjonar som vert råka av virus.

 

Skildring av føresetnader for oppfylling av tenestespesifikasjonane.

  • Ingen antivirusløysing er komplett med omsyn til å stoppe alle nye virus som vert produsert. Det er difor viktig at brukarane er forsiktige med kva dei føretek seg av aktivitet på internett og ved klikking på linkar i epost.
  • Ved mistanke om ein kan ha fått virus på arbeidsstasjonen, må ein ta kontakt med IKTNH.

 

Skildring av rutinar for kvalitetskontroll

  • Alle tenestene som vert levert av IKTNH, vert kontinuerleg evaluert og resultata vurdert opp mot gjeldande kvalitetskrav for tenesta. Resultatvurderinga vert i nokre tilfelle gjort undervegs, i andre høve i samband med planlagt gjennomgang av eigne rutinar.

 

Skildring av prosedyrar for avvikshandsaming

Uynskte hendingar/avvik knytt til kommunane sin bruk av data skal meldast. Alle tilsette i kommunen pliktar å melde frå om uynskte hendingar / avvik som er knytt til kommunen si forvaltning av data.

IKTNH har utarbeidd ei eiga orientering om korleis ein kan gjere dette – den finn ein her.

 

Print Friendly, PDF & Email