Ein skil mellom fleire kategoriar programvare :

  • Mellomvare er program som utgjer ein del av infrastrukturen som arbeidsstasjonane skal vere ein del av. I tabellen under er desse markert med M.
  • Brukarapplikasjonar er program som den einskilde nyttar som verktøy i arbeidet sitt. I tabellen under er desse markert med B.
  • I tillegg er det ein del skybaserte tenester, som for brukaren framstår som brukarapplikasjonar, men som vert haldne ved like av eksterne aktørar. I tabellen under er desse markert med S.

Ein føresetnad for ei god samordning er at IKTNH og den einskilde kommunen har eit klårt bilete av kva ansvar den einskilde parten har. Dette er skildra i oversynet under.

IKTNH sitt ansvar omfattar

M B S
Eigarskap til lisensar for mellomvare X    
Lisensadministrasjon X X X
Bestille og anskaffe programvare / – lisens og ny versjon / delversjon X X X
Inngå og administrere brukarsupport og vedlikehaldsavtale på programvaren / skytenesta  X
Typegodkjenne programvare og nye versjonar / delversjonar X X  
Implementere nye versjonar og delversjonar X X  
Førebyggjande vedlikehald – implentering av servicepakkar, patchar etc.  
Avdekkje endringsbehov og utføre endringar på applikasjonsplattforma av omsyn til endringar i programvare X X  
Avdekkje endringsbehov og utføre endringar på andre plattformerav omsyn til endringar i programvare X X  
Konfigurere programvare som er naudsynt for drift X X  
Tilpasse til tilstøytande driftsmiljø X X  
Versjons- og kompatibelitetskontroll i høve tilstøytande driftsmiljø X X  
Rutinemessige drifts- og vedlikehaldsoppgåver X X  
Proaktiv monitirering for å førebyggje hendingar (incidents) og problem som kan påverke yting og tilgjenge X X  
Monitorering, måling og rapportering av yting og tilgjenge X* 
Hendelsesstyring (incidnt management) og handtering av den einskilde hendinga (incident). X X  
Feilsøking, identifisering av årsak til feil, etablering av mellombels løysing, og korreksjon av feil og problem X X  
Handtering av hendingar, og identifisering av saker relatert til samspel med tilstøytande miljø X X  
Feilsøking, identifisering av årsak til feil, etablering av mellombels løysing, og korreksjon av feil og problem relatert til samspel med tilstøytande miljø  
Etablere mellombels løysing (temporary solution) og adressere feil knytt til sjølve programvaren i tråd med oppsett plan for eskalering X X  
Vedlikehald og oppdatering av systemdokumentasjon, driftsrutinar og driftsdokumentasjon X X  
Vedlikehald og oppdateringar av grensesnitt X X  

*/Monitorering i høve skytenestene handlar om monitorering avyting i eige nettverk, og at IKTNH rutinemessig får driftsrapportar frå leverandøren av skytenestene.

Kvar kommune sitt ansvar omfattar

M B S
Ha eigarskap til lisensar for brukarapplikasjonar og skytenester  
Skildre behov for programvare / tenester X X
Sjå til at lisensbehovet speglar reell bruk av programvare og tenester   X X
Inngå og halde brukarsupport og vedlikehaldsavtale på programvare / tenester   X X
Ha driftssupportavtale med leverandøren av programvaren   X X
Bidra med funksjonstesting i samband med implementering og oppgradering X X X
Ha datahandsamaravtale med applikasjonsleverandørane   X X
Print Friendly, PDF & Email