Skildring av teneste

Alt IKT-utstyr skal avhendast i tråd med gjeldande miljøkrav. Det er også viktig at ein sikrar at data som måtte vere lagra på utstyret, vert sletta på ein trygg måte. Alt ikt-utstyr som det kan lagrast data på, skal difor returnerast til IKTNH for sikker avhending. Dette omfattar mellom anna

  • mobiltelefonar
  • personlege datamaskiner
  • nettbrett
  • eksterne harddiskar
  • minnekort for mobil og kamera
  • minnepinnar
  • digitalkamera
  • cd-plater som det er brent data på
  • diskettar
  • diktafonar

 

Skildring av rutinar for kvalitetskontroll

  • Det vert ført logg på handsaming av kvar gjenstand som vert levert inn til avhending.

På neste side kan ein lese meir detaljert om denne tenesta.

Print Friendly, PDF & Email