Skildring av tenestelevering

  • I løpet av avtaleperioden vil IKTNH sjå til at leveransar skjer i tråd med inngåtte avtalar. Dersom det vert avdekka avvik frå avtalen, vil IKTNH gjere partane merksame på dette.
  • Innhaldet i avtalane, og handsaminga av desse, vil verte gjennomgått og evaluert. Dersom IKTNH finn grunn til dette, vil resultatet av evalueringa verte gjort kjent for kommunane og/eller leverandørane som ein del av informasjonen desse får før avtaleperioden går ut.

 

Skildring av gjeldande kvalitetskrav – tenestespesifikasjonar

  • IKTNH skal ha eit fullstendig oversyn over alle avtalar som er inngått mellom kommunane og eksterne leverandørar av ikt-relaterte tenester.
  • IKTNH skal kunne dokumentere at alle avtalar IKTNH tek hand om, vert evaluerte i løpet av avtaleperioden.
  • IKTNH skal sjå til at kommunane veit når ein avtale opphøyrer, i tilstrekkeleg tid til å kunne skaffe seg eit godt grunnlag for å avgjere kva som skjer etter at avtalen er opphøyrd.

 

Skildring av føresetnader for oppfylling av tenestespesifikasjonane

  • Kommunane må sjå til at innkjøp av ikt-relaterte varer og tenester så langt dette er mogleg, skjer i tråd med inngåtte avtalar som IKTNH er kjent med.
  • Kommunane må sjå til at IKTNH vert gjort kjent med innkjøp av ikt-relaterte varer og tenester som ikkje kan gjerast i tråd med inngåtte avtalar som IKTNH er kjent med.

 

Skildring av prosedyrar for avvikshandsaming

Uynskte hendingar/avvik knytt til kommunane sin bruk av data skal meldast. Alle tilsette i kommunen pliktar å melde frå om uynskte hendingar / avvik som er knytt til kommunen si forvaltning av data.

IKTNH har utarbeidd ei eiga orientering om korleis ein kan gjere dette – den finn ein her.

 

Print Friendly, PDF & Email