Skildring av teneste
Tenesta omfattar reservekopiering med moglegheit for attendekopiering av servarar, filer og epost. Som ein del av katastrofeberedskapen er det sett opp løysing der virtuelle servarar vert replikert på disknivå mellom to datarom.
For reservekopiering på tenestenivå (filserver, databasar og epost) vert det nytta ei diskbasert løysing etter følgjande oppsett:
Type reservekopiering | Hyppigheit | Oppbevaringstid |
Full reservekopi | Fyrste gong servar vert teken reservekopi av | Eitt år |
Endringar | Varierer mellom 1 – 3 timar på dagtid
Varierer med omsyn til type data og driftsmessige tilhøve. |
Månadskopi : Eitt år
Vekeskopi : Siste tre veker Dagskopi: Siste 90 dagar Timeskopi : Siste 2 dagar |
Kvalitetskrav :
-
- Tryggleik : Ein viser her til det som står om datatryggleik på IKTNH si heimeside – Informasjon om datatryggleik finn ein her.
- Oppetid : Tenesteleveringavtalen har eit eige kapittel om oppetid, som også omfattar denne tenesta. Informasjon om dette finn ein her.
- Handsaming av nedetidssituasjonar : Oppretting av feil vert prioritert ut frå kva konsekvensar feilsituasjonen kan ha. Dette er gjort særskilt greie for i tenesteleveringsavtalen. Informasjon om dette finn ein her.
På neste side kan ein lese meir detaljert om denne tenesta.
Pages: 1 2