Skildring av tenestelevering

    • Tenesta legg til rette for at brukarar skal få tilgjenge til data som dei har lagt i eigne eller felles mapper på felles filområde, etter at det har vore hendingar som har medført at servarar har slutta å fungere.
    • Tenesta legg også til rette for at brukarar som ved eit uhell har sletta eller endra data dei har lagra, skal få hjelp til å hente fram att tidlegare versjonar av dataa.
    • NB: Det er ikkje sett opp slike tenester på servarar som lagrar mediafiler for skulane.

Skildring av føresetnader for oppfylling av tenestespesifikasjonane

  • Brukarar kan ikkje rekne med å få attende data som er lagra i tida mellom tidspunkt for siste backup og tida for hendinga som har medført datatap.
  • Brukarane er sjølv ansvarlege for reserverkopi av data dei lagrar lokalt på eige maskin.
  • Brukar rapporterer hendingar i brukarstøttesystemet.
  • Skildring av rutinar for kvalitetskontroll
    Alle tenestene som vert levert av IKTNH, vert kontinuerleg evaluert og resultata vurdert opp mot gjeldande kvalitetskrav for tenesta. Resultatvurderinga vert i nokre tilfelle gjort undervegs, i andre høve i samband med planlagt gjennomgang av eigne rutinar.

Skildring av prosedyrar for avvikshandsaming

Uynskte hendingar/avvik knytt til kommunane sin bruk av data skal meldast. Alle tilsette i kommunen pliktar å melde frå om uynskte hendingar / avvik som er knytt til kommunen si forvaltning av data.

IKTNH har utarbeidd ei eiga orientering om korleis ein kan gjere dette – den finn ein her.

Print Friendly, PDF & Email