Tenesteområdet «Beredskap, førebyggjing og oppretting» skal tene fylgjande føremål:

  • Å identifisere potensielle krisesituasjonar, og om mogleg foreta justerande tiltak for å forhindre at slike oppstår.
  • Å utvikle rutinar / prosedyrar for gjennomføringa av tiltak i og etter ein krisesituasjon, som
    • raskast mogleg opprettar normalsituasjon,
    • ser til at årsakene til den aktuelle krisesituasjonen vert identifiserte,
    • analyserer desse årsakene,
    • skildrar og gjennomfører tiltak som skal hindre at ein slik krisesituasjon oppstår igjen.

Dette skjer gjennom fylgjande tiltak:

  • IKTNH gjennomfører risikovurderingar av ulike sider av si drift i tråd med eit oppsett årshjul.
  • Risikovurderingane vert oppfylgde av tiltak.
  • Risikovurderingane, skildring av justerande tiltak og gjennomføringa av tiltaka skal dokumenterast. Denne dokumentasjonen er konfidensiell. Av tryggleiksomsyn vert han berre frigitt til den/dei som har sakleg behov for å kjenne til innhaldet i han.

Ein skal merke seg at IKTNH si risikovurdering kun omfattar IKTNH si eiga handsaming av data, som berre er ein del av kommunane si totale dataforvaltning.
Det er den einskilde kommune som dataansvarleg, som skal dokumentere ei samla risikovurdering av eiga datahandsaming.
Her vil dokumentasjon frå IKTNH vere ein viktig, men ikkje altomfattande, del av kommunen sin dokumentasjon.

Kommunane og IKTNH har eit felles ansvar for å forebyggje situasjonar som kan medføre brot på datatryggleiken.

  • I den grad dette er føremålstenleg skal IKTNH informere kommunane om eigne tryggingstiltak.
  • IKTNH skal i den grad kommunane ynskjer det, bistå i risikovurderingsarbeidet deira.
  • Kommunane har eit sjølvstendig ansvar for å informere IKTNH om resultat av risikoanalysar som kan ha konsekvens for IKTNH sine leveransar.

Nedunder er eit oversyn over tenester knytt til dette tenesteområdet :

Print Friendly, PDF & Email