Skildring av tenestelevering

  • Beredskapsvakta er tilgjengeleg når Servicedesken er stengd.
  • Ein kan kontakte beredskapsvakta ved å melde saka inn via brukarstøtten på vanleg måte i brukarstøttesystemet. Dette vert gjort i situasjonar som ikkje er akutte, men der ein vurderer at det bør gjerast tiltak før brukarstøttetenesta er bemanna og kan handsame saka.
  • Ein kan også kontakte beredskapsvakta via ein eigen vakttelefon. Dette skal kun gjerast i situasjonar der det hastar å få tenesta operativ. For å kunne dokumentere den vidare handsaminga av saka, skal denne i tillegg meldast inn via brukarstøttesystemet.
  • Ved hendingar som er definerte som hastesaker, skal vakthavande setje i gang strakstiltak. Vakthavande har mandat til å gjere dei tiltak som er naudsynte for å få tenesta operativ att så snart som mogleg. Dette omfattar tilkalling av assistanse frå eige personell og/eller eksterne leverandørar.
  • Andre hendingar som vert melde inn, skal rutinemessig registrerast og vurderast. På kvardagar vil dette skje på kveldstid. I helger og på andre fridagar  skjer dette minimum to gongar i døgnet. Vakthavande gjer ei vurdering av saka. Denne vert lagt inn som notat i saksdokumentasjonen.
  • Ei sak som i utgangspunktet ikkje er definert som hastesak, han oppgraderast til dette av vakthavande, til dømes dersom dette er ein situasjon som er til vesentleg ulempe for mange.
  • Avhengig av kva vurdering vakthavande har gjort, har vedkomande mandat til å setje i gang tiltak vedkomande meiner er naudsynte.

 

Skildring av føresetnader for oppfylling av tenestespesifikasjonane

  • Det er ei felles forståing mellom IKTNH og kommunane om kva saker som er definerte som hastesaker, og som skal handsamast i tråd med dette.
  • Alle saker skal registrerast i IKTNH sitt brukarstøttesystem. Der skal også dokumentasjon av alle tiltak leggjast.

 

Skildring av rutinar for kvalitetskontroll

Alle tenestene som vert levert av IKTNH, vert kontinuerleg evaluert og resultata vurdert opp mot gjeldande kvalitetskrav for tenesta. Resultatvurderinga vert i nokre tilfelle gjort undervegs, i andre høve i samband med planlagt gjennomgang av eigne rutinar.

Alle saker som vert handsama som hastesaker, skal i ettertid gjennomgåast av IKTNH i samarbeid med kommunen/kommunane som melde inn saka, og med eventuelle underleverandørar. Denne gjennomgangen skal dokumenterast av IKTNH. Dokumentasjonen er konfidensiell, og IKTNH utleverer ikkje denne til andre enn dei som har sakleg grunn til å få innsyn i han.

 

Skildring av prosedyrar for avvikshandsaming

Uynskte hendingar/avvik knytt til kommunane sin bruk av data skal meldast. Alle tilsette i kommunen pliktar å melde frå om uynskte hendingar / avvik som er knytt til kommunen si forvaltning av data.
IKTNH har utarbeidd ei eiga orientering om korleis ein kan gjere dette – den finn ein her.

Print Friendly, PDF & Email