Skildring av tenestelevering

  • IKTNH ser til at koblinga frå betalingsterminalen er korrekt sett opp.

 

Skildring av føresetnader for oppfylling av tenestespesifikasjonane.

  • Det er kommunen sitt ansvar å plassere betalingsterminalen på ein slik måte at ein hindrar innsyn i informasjon. Kommunen må sjå til at det er nettkabel og straumuttak i umiddelbar nærleik til der terminalen skal plasserast.

 

Skildring av rutinar for kvalitetskontroll

  • Alle tenestene som vert levert av IKTNH, vert kontinuerleg evaluert og resultata vurdert opp mot gjeldande kvalitetskrav for tenesta. Resultatvurderinga vert i nokre tilfelle gjort undervegs, i andre høve i samband med planlagt gjennomgang av eigne rutinar.

 

Skildring av prosedyrar for avvikshandsaming

Uynskte hendingar/avvik knytt til kommunane sin bruk av data skal meldast. Alle tilsette i kommunen pliktar å melde frå om uynskte hendingar / avvik som er knytt til kommunen si forvaltning av data.

IKTNH har utarbeidd ei eiga orientering om korleis ein kan gjere dette – den finn ein her.

 

Print Friendly, PDF & Email