Tenesteområdet «Brukaradministrasjon» skal tene fylgjande føremål:

  • Å sikre at alle registrerte brukarar av kommunen sine ikt-ressursar – programvare, maskinvare, nettverk og data – til ei kvar tid har tilgjenge til dei ressursane dei skal ha tilgjenge til, men ikkje tilgjenge til ressursar dei ikkje skal ha tilgjenge til.
  • Å sikre at uregistrerte brukarar av kommunen sine ressursar kun får tilgjenge til dei ressursane dei skal ha tilgjenge til.

Dette skjer gjennom utarbeiding og innføring av automatiserte prosessar for tildeling av ressursar til den einskilde registrerte brukar, basert på informasjon frå den einskilde kommunen.

  • IKTNH sitt ansvar er å kvalitetssikre og dokumentere desse rutinane, slik at ein kan vise at kvar einskild registrerte brukar til ei kvar tid har tilgjenge til sine tildelte ressursar, og berre til desse.
  • Kvar kommune sitt ansvar er å sjå til at all naudsynt dokumentasjon om den einskilde registrerte brukar til ei kvar tid er korrekt og lagt inn i HRM-systemet, og at IKTNH får melding om endringar i tilsetjingsforhold som medfører endringar i tilgjenge.

Under kan ein sjå kva tenester som er knytt til dette tenesteområdet :

Print Friendly, PDF & Email