Tenesteområdet «Brukarstøtte» skal tene fylgjande føremål :

  • Å hjelpe brukarane når uførutsette situasjonar oppstår, slik at oppgåver kan løysast så raskt og kostnadseffektivt som mogleg.
  • Å byggje opp ein kunnskapsbase knytt til ulike problemsituasjonar, slik at ein nyttar røynsler frå tidlegare situasjonar til å førebyggje problem og å løyse nye.
  • Å bruke røynsler frå tidlegare problemløysing til å vidareutvikle tenestetilbodet IKTNH har til kommunane.
  • Å vurdere alvorsgraden av innmelde situasjonar, slik at ein til ei kvar tid har eit godt utgangspunkt for å prioritere sakene ut frå dette, om det skulle vere naudsynt.

Hovudkanalen for brukarstøttesystemet er den oppretta servicedesken. Ei utfyllande skildring av denne er å finne i tenestekatalogen.

  • IKTNH sitt ansvar er å sjå til at det er avsett tilstrekkeleg med ressursar til at brukarstøtta opplevest som god, både med omsyn til responstid og løysingskvalitet.
  • Kvar kommune sitt ansvar er å sjå til at brukarstøtta vert nytta på den måten som er skissert i tenestekatalogen

Nedunder finn peikarar til skildring av tenestene knytt til dette tenesteområdet :

Print Friendly, PDF & Email