Tenesteområdet «Personvernombod» skal tene fylgjande føremål:

  • Å overvake og evaluere den einskilde kommunen si forvaltning av personinformasjon.
  • Å rapportere til kommunen og/eller IKTNH om avvik frå oppsett skildring av forvaltninga av personinformasjonen.
  • Å rapportere til tilsynsstyresmakter om avvik som medfører eller kan medføre brot på gjeldande lovverk og forskrifter for forvaltning av personinformasjon. Dette er ei lovheimla plikt personvernombodet har.
  • Bistå kommunane i planlegging av nye tenester som medfører bruk av personinformasjon, og kvalitetssikre denne bruken.

Ein skal merke seg at korkje IKTNH eller den einskilde kommunen kan instruere personvernombodet om korleis ombodet skal utføre arbeidet sitt.

Kommunane og IKTNH har eit felles ansvar for å sjå til at den kommunale forvaltninga av persondata vert overvaka og kvalitetssikra av eit eige personvernombod.

  • IKTNH har ansvar for å sjå til at organisasjonen sitt persovernnombod har tilstrekkeleg ressursar og kompetanse til å kunne yte gode tenester til alle kommunane IKTNH har drifts- og tenesteavtale med.
  • Kvar einskilt kommune har ansvar for å utnemne sitt eige personvernombod. Dette kan gjerast ved å inngå ein avtale om at IKTNH sitt personvernombod også er ombod for kommunen. Kommunen kan velje å oppnemne sitt eige personvernombod. Dersom det vert gjort, pliktar kommunen å informere IKTNH om kven som er kommunen sitt personvernombod.
    IKTNH vil då samarbeide med dette ombodet i saker som gjeld kommunen spesifikt, og orientere ombodet i saker som gjeld fleire kommunar.

Nedunder er eit oversyn over tenester knytt til personvernombodet.

Print Friendly, PDF & Email