Skildring av tenestelevering

  • IKTNH legg til rette for installasjon, og automatisert oppdatering og oppgradering av standard programvare som er installert på pc-ar og arbeidsstasjonar som skal stå i det felles nettverket.
  • Via Programvaresenteret kan kvar einskild brukar installere programvare og applikasjonar som vedkomande treng.
  • IKTNH testar ut og evaluerer ny programvare – eller nyare versjonar av eksisterande programvare – med omsyn til kompatibelitet med eksisterande løysingar.
  • Skildring av gjeldande kvalitetskrav – tenestespesifikasjonar
  • Rett versjon av operativsystem og standard programvare skal til ei kvar tid vere installerbar på brukar sin pc.
  • Annan programvare som det er ordna lisensiering for, vert via programvaresenteret gjort tilgjengeleg for nedlasting og installasjon for brukarar som skal ha denne.
  • Anna programvare som er etterspurd av brukarar, vil verte inkludert i portefylgjen til programvaresenteret etter ein prosess som omfattar
    • bestilling frå brukar/kommune vi brukarstøttesystemet,
    • teknisk vurdering av programvaren,
    • avklåring av lisensiering,
    • avklåring av kven som skal bruke programvaren.

 

Skildring av føresetnader for oppfylling av tenestespesifikasjonane

Kommunane må sjå til

  • at oppgitte lisenskostnader er dekka.

Brukarane må sjå til

  • at behov for programvare som ikkje alt ligg i programvaresenteret sin portefylgje, vert meldt inn til IKTNH via brukarstøtteportalen.

 

Skildring av prosedyrar for avvikshandsaming

Uynskte hendingar/avvik knytt til kommunane sin bruk av data skal meldast. Alle tilsette i kommunen pliktar å melde frå om uynskte hendingar / avvik som er knytt til kommunen si forvaltning av data.

IKTNH har utarbeidd ei eiga orientering om korleis ein kan gjere dette – den finn ein her.

 

Print Friendly, PDF & Email