Skildring av teneste

Active Directory – heretter kalla AD – er ei katalogteneste for administrasjon av brukarar, datamaskiner, servarar og ulike andre ressursar knytt til nettverket. Ved hjelp av informasjon som er knytt til kvar einskild brukar registrert i AD, kan ein regulere kva ressursar den einskilde brukaren skal ha tilgjenge til.
Tenesta gjeld tilrettelegging for at kommunane sjølv kan gjere effektiv og sikker brukaradministrasjon.
Arbeidet med tilrettelegginga gjev kommunane høve til:

  • Etablering av ny brukarkonto med avtalte tilgangar og rettigheiter til programvare, e-post og lagringsområde
  • Endring i tilgangar
  • Sletting av brukarkonto og tilgangar

Tenesta gjeld ikkje rettigheiter og tilgang i fagapplikasjonar.

IKTNH har utarbeidd automatiserte rutinar for tildeling av rettar til den einskilde. Rutinane nyttar informasjon frå HRM-systemet i den einskilde kommune som datagrunnlag. Rutinane vert køyrde ein gong i døgnet, og endringar i datagrunnlaget frå HRM-systemet i kommunen vil dermed verte registrerte og tekne til fylgje innan 24 timar.

 

Kvalitetskrav :

  • Tryggleik : Ein viser her til det som står om datatryggleik på IKTNH si heimeside – dette finn ein her.
  • Oppetid : Tenesteleveringavtalen har eit eige kapittel om oppetid, som også omfattar denne tenesta. Informasjon om oppetid finn ein her.
  • Handsaming av nedetidssituasjonar : Oppretting av feil vert prioritert ut frå kva konsekvensar feilsituasjonen kan ha. Dette er gjort særskilt greie for i tenesteleveringsavtalen. Informasjon om dette finn ein her.

På neste side kan ein lese meir detaljert om denne tenesta.

Print Friendly, PDF & Email