Skildring av tenestelevering

Kommunane gjev tilgang for brukarane gjennom Visma HRM. Ein brukar vert oppretta i Visma HRM med ein startdato etter gitte kodar for ulik tilgang.

Kode     Skildring

K2           Brukartilgang + epostkonto

K3           Brukartilgang + epostkonto (epost via internett og mobil)

K4           Skuleavtale

Dagen før startdato sett i HRM vert det oppretta brukarkonto med unikt brukarnamn, samt eit eingongspassord som vedkomande må erstatte med eit eige passord ved fyrste pålogging.

Brukarkontoen skal gi vedkommande tilgjenge til alle dei ressursane som vedkomande har krav på, og inkluderer fylgjande ressursar for alle

  • ein eigen brukar-id med eit ferdig generert brukarnamn,
  • tilgjenge til eigne lagringsområde,
  • ein eigen e-postkonto,
  • ein eigen konto på skrivarservar som kan nåast frå alle skrivarar i IKTNH-nettverket.

I tillegg kan einskilde brukarar – avhengig av funksjon – ha tilgjenge til ulike ressursar som ulike fagprogram, spesielle område på servar – til dømes sikker sone – med tilhøyrande ressursar, programvare for sikkert tilgjenge til ressursar via internett, tilgjenge til Outlook via internett.

Overordna leiar vil få tilsendt ein epost med opplysningar om den nytilsette (brukarnamn, passord, epostadresse m.m). Den nytilsette vil motta ein SMS med opplysingar om brukarnamn og førstegongs passord

Ved avslutning av eit arbeidsforhold set HR-avdelinga i kommunen ein sluttdato. På sluttdatoen stoppar alle tilgangar for brukaren. Det vert sendt epost til overordna om at tilgang i fagapplikasjonar må fjernast. Brukaren sin tilgang vert sett i karantene i 3. månader, deretter vert brukaren sletta saman med epostdata og data på brukaren sitt heimeområde.

Print Friendly, PDF & Email