Responstid for etablering og vedlikehald av brukarkonti:

Ein ny brukarkonto vert generert ved melding via HRM, og aktivert ei veke før fyrste lønningsdato.

Supplerande rettar for brukar skal vere knytt til vedkomande i løpet av ein virkedag etter at bestilling om dette er komen frå kommunen.

Endringar i datagrunnlaget frå HRM-systemet i kommunen skal føre med seg at eventuelle automatiserte endringar i tilgjenge vert iverksett seinast 24 timar etter at endringane er registrerte.

Skildring av føresetnader for oppfylling av tenestespesifikasjonane

Ein legg til grunn at kommunen til ei kvar tid har oppdatert brukarinformasjon i sitt HRM-system, og at eventuell tilleggsinformasjon kjem IKTNH i hende utan unødig opphald.

På same måte må ein leggje til grunn at kommunen har gitt IKTNH tilstrekkeleg informasjon om kva rolle(r) den einskilde tilsette skal ha, og kva brukarrettar som er knytt til dei ulike rollene. Dette vil gjere det mogleg for IKTNH å etablere eit forutseieleg og dokumenterbart regime for brukaradministrasjon.

IKTNH har utarbeidd ein eigen instruks for registrering av brukarar. Kommunar som nyttar denne, vil ha sikra at IKTNH har fått den naudsynte grunnlagsinformasjonen.

Skildring av rutinar for kvalitetskontroll

Data som vert generert og lagra i AD er basert på informasjon som kjem frå kommunane. Det er soleis kommunane sjølve som må kvalitetskontrollere datagrunnlaget.

I den grad IKTNH si forvaltning av data er basert på automatiske prosessar, skal IKTNH kunne dokumentere desse prosessane på ein slik måte at dei godtgjer korrekt datahandsaming. Kontrollen av dette vil handle om å teste at data som vert lagt inn, utløyser prosessane på ein slik måte at ein oppnår det resultatet ein har skildra.

I den grad IKTNH si forvaltning av data i AD er basert på manuelle handlingar, skal desse handlingane vere skildra i eigen dokumentasjon. Kvalitetskontrollen vil vere å sjekke at handlingane er utførte, og ynskt resultat oppnådd. Dette er å sjå på som ein del av den manuelle prosessen, og skal skje i tråd med skildringa i dokumentasjonen.

Skildring av prosedyrar for avvikshandsaming

Uynskte hendingar/avvik knytt til kommunane sin bruk av data skal meldast. Alle tilsette i kommunen pliktar å melde frå om uynskte hendingar / avvik som er knytt til kommunen si forvaltning av data.

IKTNH har utarbeidd ei eiga orientering om korleis ein kan gjere dette – den finn ein her.

 

Print Friendly, PDF & Email