Skildring av tenestelevering – fasttelefoni

Telefonapparat knytt til fasttelefoni omfattar frittståande apparat med ulike tilleggsfunksjonar, samt softphones – telefonutstyr som vert kobla til ein pc.

IKTNH fylgjer også opp tenesta gjennom administrering av fasttelefonløysing, samt fyrstelinesupport via IKTNH sitt brukarstøttesystem. Driftstenester for felles fasttelefoniløysning inkluderer:

  • Rådgjeving rundt linjer, alarmering og signalering
  • Rapportering på abonnement
  • Oversikt abonnement
  • Justeringar på eksisterande abonnement
  • Oppkopling av utstyr
  • IP-telefon
  • Installasjon Bria og/eller oppsett i Bria

 

IKTNH har ansvar for

  • utplassering og implementering av fasttelefonapparat og softphones,
  • oppsett og justering av ringemønstre i tråd med spesifikasjonar frå den einskilde kommunen,
  • fyrstelinesupport når feil oppstår,
  • vidaresending av feilmelding til andre- og tredjelinesupport,
  • oppfylgjing av slike feilmeldingar.

 

Skildring av gjeldande kvalitetskrav – tenestespesifikasjonar

IKTNH skal :

  • Stille til rådvelde eit telefonisystem, med funksjonalitet og utstyr som minimum dekkjer dei tenesteleveringsnivå som innbyggjarane forventar av kommunen, og som ikkje er til hinder for å utføre arbeidsoppgåvene i kommunen på ein smart og fleksibel måte.
  • Sjå til at det er tilgjenge til påkoblingsnett på dei lokasjonar dette er naudsynt for, varsle kommunen om behov for utbygging, og gjennomføre dette i samarbeid med kommunen.

Kommunen skal:

  • Etter bestilling av endring eller implementering av nytt oppsett, gjennomføre grundig testing for å forsikre seg om at systemet fungerer på tiltenkt måte.
  • Sikre drift ved straumbrot, ved at nettverket vert sett opp med utstyr for naudstraum heile føringsvegen inn til sentralt datarom.
  • Sjkå til at kommunen sitt nettverksutstyr og telefonapparat støttar PoE (Power over Ethernet).
  • Så raskt som mogleg melde om feil og avvik til IKTNH sin servicedesk.
  • Vurdere tiltak for å forsterke dei eventuelle svakheiter som IKTNH avdekker. Skildring av føresetnader for oppfylling av tenestespesifikasjonane
  • Skildre sitt ringemønster, basert på og tilpassa kommunen sine eigne rutinar og ynskje.
  • Ha ein ikt-kontakt som har ansvar for å formidle ringemønsteret til IKTNH. Det er også ikt-kontakten som skal bestille og godkjenne alle seinare endringar i kommunen sitt ringemønster.
  • Skaffe seg naudsynt påkoblingsnett for bærar av telefoni. Dette inneber at det må vere tilgjenge til naudsynt nettverkspunkt og/eller trådlaust nett der det skal inn utstyr som nyttar dette.
  • Kvar kommune har ansvar for å sjå til at kontaktinformasjonen i HRM-systemet til ei kvar tid er oppdatert, og dermed eit påliteleg grunnlag for administrasjon av telefonitenestene.

 

Skildring av rutinar for kvalitetskontroll

  • Kommunen skal ha måltal for måling av servicegrad dei har på sine tenester. Kommunen skal gjennomføre desse målingane, men IKTNH skal bistå ved behov med råd og oppsett som betrar desse tala.
  • Kommunen skal jamnleg vurdere sin beredskapsplan i høve bortfall i delar av eller heile telefonitenesta. IKTNH skal bistå ved behov med råd og oppsett som forbetrar denne.
  • IKTNH skal informere om svakheiter ved det til ei kvar tid gjeldande oppsett og kva for tiltak som bør setjast i verk.

 

Skildring av prosedyrar for avvikshandsaming

Her syner ein til punktet «Rutinar for rapportering av driftsstatus og varsling av avvik».

Print Friendly, PDF & Email