Skildring av teneste

Feide er eit system for eintydig og sikker identifisering av elevar og tilsette i skulane, som nyttar dette for å få tilgjenge til ulike skulerelaterte tenester og ressursar på nettet.

Systemet nyttar seg av personinformasjon som grunnlag for å generere unike brukarkonti med brukarnamn og passord til kvar einskild brukar. For elevane sitt vedkomande vert denne informasjonen henta frå det skuleadministrative systemet kvar kommune nyttar. For dei tilsette sitt vedkomande vert informasjonen henta frå hrm-systemet i den einskilde kommunen.

Genereringa av brukarkonti vert gjort av ein underleverandør, i tråd med datahandsamingavtale inngått mellom leverandøren og den einskilde kommunen. Bruken av slike konti vert styrt av kommunen gjennom avtalar med dei ulike leverandørane av ressursane og tenestene kvar kommune nyttar.

IKTNH si rolle i dette er å sjå til at det er lagt til rette for at leverandøren av feidekonti får tilgjenge til naudsynte data som kvar kommune stiller til rådvelde, på ein måte som sikrar informasjonen med omsyn til tilgjenge, integritet og konfidensialitet.

Kvalitetskrav :

  • Tryggleik : Ein viser her til det som står om datatryggleik på IKTNH si heimeside – dette finn ein her. 
  • Oppetid : Tenesteleveringavtalen har eit eige kapittel om oppetid, som også omfattar denne tenesta. Informasjon om oppetid finn ein her.
  • Handsaming av nedetidssituasjonar : Oppretting av feil vert prioritert ut frå kva konsekvensar feilsituasjonen kan ha. Dette er gjort særskilt greie for i tenesteleveringsavtalen. Informasjon om dette finn ein her.

På neste side kan ein lese meir detaljert om denne tenesta.

Print Friendly, PDF & Email