Skildring av teneste

Registrerte brukarar av SING-nettverket har ulike filområde som dei vil ha tilgjenge til :

Kvar einskilt brukar vil ha sitt personlege filområde, der vedkomande kan oppbevare datafiler som berre vedkomande skal ha tilgjenge til.

I tillegg vil brukarane ha tilgjenge til datafiler som vert plasserte på felles filområde. Kva tilgjenge og kva tilgangsrettar den einskilde vil ha, avhenger av vedkomande sin funksjon i kommunen.

IKTNH sitt ansvar er å sjå til at lagra data vert verna ved at kun dei som skal ha tilgjenge til dei, får slikt tilgjenge med dei rettane som det er naudsynt at vedkomande har.

Ansvar for oppbevaring og tryggleikskopiering av data er skildra på denne sida.

Kvalitetskrav :

  • Tryggleik : Ein viser her til det som står om datatryggleik på IKTNH si heimeside – dette finn ein her. Ein skal vere merksam på at IKTNH kan hente ut data frå alle filområde. Men dette skjer kun etter instruks frå kommunane og i tråd med oppsette retningsliner for dette.
  • Oppetid : Tenesteleveringavtalen har eit eige kapittel om oppetid, som også omfattar denne tenesta. Informasjon om oppetid finn ein her.
  • Handsaming av nedetidssituasjonar : Oppretting av feil vert prioritert ut frå kva konsekvensar feilsituasjonen kan ha. Dette er gjort særskilt greie for i tenesteleveringsavtalen. Informasjon om dette finn ein her.

På neste side kan ein lese meir detaljert om denne tenesta.

Print Friendly, PDF & Email