Skildring av tenestelevering

  • Bruk av diskplass og datakapasitet vert heile tida monitorert, og IKTNH dimensjonerer servarparken sin slik at det til ei kvar tid er tilstrekkeleg diskplass og datakraft til at den einskilde brukaren får tilgjenge til data slik vedkomande har trong for.
  • IKTNH kan til ei kvar tid organisere filområda på ein slik måte at bruken av dei speglar dei behova brukarane har og melder inn.

 

Skildring av føresetnader for oppfylling av tenestespesifikasjonane.

  • IKTNH må ha høve til å utvide og forsterke servarparken sin i tråd med dei behova brukarane og kommunane  har for lagerplass og dataakraft.
  • Kommunane må melde inn nye behov og ynskje for lagerplass i tide til at IKTNH rekk å leggje til rette for dei nye behova før planlagt bruksendring.

 

Skildring av rutinar for kvalitetskontroll

  • Alle tenestene som vert levert av IKTNH, vert løpande evaluert og resultata vurdert opp mot gjeldande kvalitetskrav for tenesta. Resultatvurderinga vert i nokre tilfelle gjort undervegs, i andre høve i samband med planlagt gjennomgang av eigne rutinar.

 

Skildring av prosedyrar for avvikshandsaming

Uynskte hendingar/avvik knytt til kommunane sin bruk av data skal meldast. Alle tilsette i kommunen pliktar å melde frå om uynskte hendingar / avvik som er knytt til kommunen si forvaltning av data.

IKTNH har utarbeidd ei eiga orientering om korleis ein kan gjere dette – den finn ein her.

 

Print Friendly, PDF & Email