Skildring av teneste

Det fysiske nettverket omfattar alle kommunane som nyttar seg av IKTNH sine tenester. Det syter for at data kan flyttast mellom ulike einingar i datasystemet, og knyt saman dei ulike delane av dette, frå servarpark til pc-ar og periferutstyr som er plassert ute i kommunane. Det tek også hand om data som skal sendast ut til eller hentast ned frå internett.

Nettverket er sett saman av to ulike fysiske nettverk:

  • Eitt nettverk er basert på bruk av kablar som datamaskiner og periferutstyr vert kobla opp mot.
  • Eit trådlaust nettverk er basert på at datamaskiner som er utstyrt for trådlaus kommunikasjon og som er konfigurert for å brukast i det trådlause nettverket, kan koble seg opp mot dette når den aktuelle brukaren er gitt tilgjenge til det trådlause nettet. Vedkomande vil då også ha tilgjenge til periferutstyr som er sett opp i det kabla nettet.

IKTNH har ansvar for at nettverket er konfigurert på ein slik måte at all dataflyt skjer i tråd med oppsette spesifikasjonar for datatryggleik.

 

Kvalitetskrav :

  • Brukarar som har tilgjenge til nettverket, skal etter pålogging ha tilgjenge til sine ressursar frå ein kvar kommunal-lokasjon i dei samarbeidande kommunane.
  • Tryggleik : Ein viser her til det som står om datatryggleik på IKTNH si heimeside – dette finn ein her. 
  • Oppetid : Tenesteleveringavtalen har eit eige kapittel om oppetid, som også omfattar denne tenesta. Informasjon om oppetid finn ein her. 
  • Handsaming av nedetidssituasjonar : Oppretting av feil vert prioritert ut frå kva konsekvensar feilsituasjonen kan ha. Dette er gjort særskilt greie for i tenesteleveringsavtalen. Informasjon om dette finn ein her.

På neste side kan ein lese meir detaljert om denne tenesta.

Print Friendly, PDF & Email