Skildring av tenestelevering

IKTNH har ansvar for planlegging og konfigurering av det fysiske nettverket på alle lokasjonane tilhøyrande den einskilde kommunen, og av det felles fysiske nettverket for alle dei samarbeidande kommunane.

Ein legg til grunn at sjølve kablinga vert utført av andre leverandørar, tinga av kommunen sjølv eller av IKTNH på vegne av kommunen/kommunane.

IKTNH har ansvar for all drift av det fysiske nettverket. I dette ligg at dersom IKTNH ikkje kan gjere dette arbeidet sjølv, er det IKTNH som gjer avtalar med underleverandørar. Dette gjeld også når arbeidet skjer i ein einskild kommune, og det er vedkomande kommune som skal betale for dette arbeidet.

 

Skildring av føresetnader for oppfylling av tenestespesifikasjonane

  • Den einskilde kommunen har bestilt tilknytning av ein lokasjon til det felles nettverket.
  • IKTNH har gjennomført prosjektering og installering av nettverket på lokasjon.
  • Skildring av rutinar for kvalitetskontroll
  • Det vert gjennomført regelmessig og planlagt monitorering av all trafikk i nettverket.

 

Skildring av prosedyrar for avvikshandsaming

Uynskte hendingar/avvik knytt til kommunane sin bruk av data skal meldast. Alle tilsette i kommunen pliktar å melde frå om uynskte hendingar / avvik som er knytt til kommunen si forvaltning av data.

IKTNH har utarbeidd ei eiga orientering om korleis ein kan gjere dette – den finn ein her.

 

Print Friendly, PDF & Email