Det er fleire modellar for korleis eit fagsystem vert drifta. Nokre fagsystem vert drifta av IKTNH på IKTNH sine servarar, andre system vert drifta av leverandør på eksterne servarar. Rutinane for korleis ein melder inn feil og korleis desse vert handsama, vil difor variere noko.

For dei fleste fagsystema er det eigne superbrukarar i kvar kommune. Suparbrukar si oppgåve i denne samanhengen vil vere å fungere som rettleiar av brukarane og formidlar av feilmeldingar. På den måten kan problem som skuldast brukarfeil oppdagast og utbetrast raskast råd. Dersom feilen må utbetrast av IKTNH, melder superbrukar feilen til IKTNH. Er det leverandør som skal utbetre feilen, vender IKTNH seg til leverandøren. Melding om at feilen er retta går attende til superbrukar, som vidareformidlar dette.

Ansvarleg : Oppgåve :
Brukar Når brukar opplever ein feil, skal superbrukar for fagsystemet i vedkomande kommune kontaktast.
Superbrukar Superbrukar tek imot feilmeldinga og prøver å løyse henne.
Superbrukar Vert saka løyst, gjev superbrukar attendemelding til brukar om dette.
Superbrukar Vert saka ikkje løyst, vidaresender superbrukar saka til IKTNH og/eller leverandør, avhengig av gjeldande leveranseavtale.
IKTNH  Saka vert motteken og loggført.
IKTNH IKTNH analyserer saka, og hentar eventuelt inn meir informasjon.
IKTNH Er problemet og løysinga på det kjend, vert saka løyst av IKTNH. Løysingsrapport vert sendt til superbrukar,
Superbrukar Må saka løysast av leverandør, tek superbrukar kontakt med rette vedkomande.
Leverandør Saka vert løyst av leverandør, som sender løysingsrapport til superbrukar etter utført oppdrag.
Superbrukar Superbrukar sender melding til brukar om at saka er løyst.

 

Print Friendly, PDF & Email