Kommunen sin bruk av data er underlagt lovgjevinga for dei ulike tenesteområda. Men kommunen si forvaltning av data er også mellom anna regulert av arkivlova, personopplysningslova og offentleglova med tilhøyrande forskrifter til desse.

Uavhengig av føremål og heimel for bruken av data har kommunen ansvar for å sjå til at

  • alle data sin konfidensialitet er ivareteken ved at berre dei som har heimel og sakleg grunn til det, får innsyn i dei,
  • alle data sin integritet er ivareteken ved at berre dei som har heimel og sakleg grunn til det, kan gjere endringar i dei eller slette dei,
  • tilgjenge til alle data er gjort enklast mogleg for dei som skal ha tilgjenge til dei.

Oppstår hendingar eller situasjonar som kan skuldast brot på kommunen sitt forvaltningsansvar, skal desse meldast som uynskte hendingar. Slike hendingar kan ha ulike årsaker. Dei kan skuldast faktorar som menneskeleg svikt, dei kan skuldast feil eller manglar ved utstyr og leveranse, eller dei kan skuldast eit uheldig samanfall av fleire slike faktorar.

IKTNH ser det som viktig å kunne vere ein aktiv medspelar i arbeidet med å rette opp konsekvensane av uynskte hendingar og å forebyggje at nye hendingar skjer.

Eit bidrag i dette arbeidet er utarbeidinga av eit meldingsskjema, som også skal fungere som ein rettleiar for det vidare arbeidet, og som ei loggføring av det som etter kvart vert gjort. Skjemaet finn ein her.

Når skjemaet er lasta ned og lagra lokalt på pc-en din, opnar ein det med Acrobat Reader. Rettleiing i bruk av skjemaet er å finne i skjemaet, slik at ein til ei kvar tid veit kva som skal gjerast med det.

Det er opp til kommunen om ein vil ta meldingsskjemaet i bruk, men IKTNH legg til grunn at kommunen uansett informerer IKTNH om arbeid med uynskte hendingar knytt til kommunen si forvaltning av data.

Print Friendly, PDF & Email