Skildring av teneste

Ved behov kan tilsette i IKTNH gå direkte inn på ein brukar sin PC som den aktuelle brukaren, med dei roller og rettar som brukaren har. Dette kan skje dersom brukar treng hjelp til å konfigurere ressursar som er stilt til brukar sin disposisjon, og brukar sjølv ikkje kan utføre denne konfigurasjonen. Dette skjer kun etter avtale med brukar, og berre når brukar sjølv er til stades ved den aktuelle pc-en eller arbeidsstasjonen.

 

Skildring av tenestelevering

Brukaren som treng hjelp, tek kontakt med servicedesk via brukarstøttesystemet, og det vert gjort avtale om at ein tilsett skal gå inn på brukar sin pc eller arbeidsstasjon.

Brukaren loggar seg inn, og når dette er gjort, kan IKTNH sin tilsette via eigen programvare gå inn på brukar sin pc/arbeidsstasjon, og gjere dei konfigureringar som er naudsynte.

 

Skildring av gjeldande kvalitetskrav – tenestespesifikasjonar

IKTNH skal bidra til at alle brukarar i AD får tilgjenge til dei ressursar som dei skal ha tilgjenge til. Når det fører med seg at tilsette i IKTNH må gå inn på ein pc/arbeidsstasjon som brukar, er den tilsette sitt mandat avgrensa til kun å gjere det som er naudsynt for å gi brukar tilgjenge til sine ressursar.

I den grad dette arbeidet medfører at IKTNH sin tilsette kan kome til å få innsyn i informasjon, har vedkomande avgitt teiepliktserklæring.

Print Friendly, PDF & Email