Skildring av føresetnader for oppfylling av tenestespesifikasjonane

Det er ein føresetnad at brukar er til stades ved pc-en/arbeidsstasjonen så lenge arbeidet pågår, og på den måten kan godtgjere at den tilsette frå IKTNH ikkje skaffar seg uløyvd tilgjenge til informasjon som brukar skal ha tilgjenge til.

 

Skildring av rutinar for kvalitetskontroll

Det er ikkje utarbeidd eigne rutinar for kvalitetskontroll av denne tenesta. Men fylgjande kriterium for at tenesta er utført, gjeld:

  • Brukar skal etter konfigurasjonsarbeidet er utført, ha fått det tilgjenge vedkomande skal ha.
  • Det er godtgjort at IKTNH sin tilsette har agert i tråd med avtale. Dette skjer ved at den tilsette skriv ei eiga erklæring om dette i brukarstøttesystemet når ein erklærer oppgåva for løyst. Kjem det ikkje attendemelding for dette frå brukar, reknar ein med at eigenerklæringa er godteken, og dermed gjeldande.

 

Skildring av prosedyrar for avvikshandsaming

Uynskte hendingar/avvik knytt til kommunane sin bruk av data skal meldast. Alle tilsette i kommunen pliktar å melde frå om uynskte hendingar / avvik som er knytt til kommunen si forvaltning av data.

IKTNH har utarbeidd ei eiga orientering om korleis ein kan gjere dette – den finn ein her.

 

Print Friendly, PDF & Email