Eitt av tenesteområda til IKTNH er brukarstøtte. Her kan tilsette i kommunane ta kontakt når ein treng hjelp med datautstyret dei nyttar på jobb.

Som ein hovudregel skal ein nytte brukarstøttesystemet til IKTNH – sjå peikar nede på sida. Meldingar som kjem inn via dette systemet, vert registrerte i IKTNH si opningstid. Ved å registrere saker her, sikrar ein at sakene vert handsama i tråd med gjeldande retningsliner for prioritering, at ein kan fylgje opp kvar einskild sak og dokumentere korleis saka er blitt fylgd opp.

Dessutan nyttar IKTNH sakstilfanget som grunnlag for forbetringar av eigne tenester.

Ein skal vere merksam på at problem knytt til bruk av skulane sitt påloggingssystem, Feide, ikkje skal rettast til IKTNH, men direkte til skulen der vedkomande elev går. Meir om dette kan ein lese i ein eigen artikkel – peikar til denne finn ein nedunder.

I menyen under dette punktet finn du:

Print Friendly, PDF & Email