Samarbeidet mellom IKTNH og den einskilde kommunen er basert på to avtalar :

  • Datahandsamaravtalen formaliserer samarbeidet, og klårgjer ansvarstilhøve og mandat.
  • Tenesteleveringsavtalen skildrar kva tenester IKTNH yter, kva kvalitetsmål som er sett for dei ulike tenestene, og kva føresetnader som må vere oppfylt for at IKTNH skal vere i stand til å utføre tenestene i samsvar med oppsettekvalitetsmål.

I skrivande stund er desse avtalane under revisjon. Når dei er reviderte og gjort gjeldande, vil ein kunne finne dei generelle avtaletekstane på IKTNH si heimeside.

Tenestene som IKTNH yter, er organisert i fleire tenesteområde. Kvart tenesteområde er skildra for seg, og på same måte er dei einskilde tenestene skildra kvar for seg. Ein finn peikarar til desse skildringane i menyen under «IKTNH og kommunane».

Print Friendly, PDF & Email