IKTNH sin datahandsamaravtale skildrar kva ansvar og mandat IKTNH har som datahandsamar andsynes den einskilde kommune som er handsamingsansvarleg. Datahandsamaravtalen er det formelle grunnlaget for samarbeidet mellom IKTNH og den einskilde kommunen. Ein inngått datahandsamaravtale er soleis ein føresetnad for at IKTNH kan levere tenester til ein kommune.

Denne datahandsamaravtalen – heretter kalla DHA – skal vere ein del av tidlegare inngåtte avtalar. DHA gjer greie for dei føresetnader og vilkår som gjeld for IKTNH si handsaming av kommunane sine personopplysningar.

I tråd med denne avtalen er kommunen ved rådmannen handsamingsansvarleg, og IKTNH datahandsamar – ein viser til undserkapittelet «Definisjonar og fortolking» for utdjupande forklåring på desse omgrepa.

Denne DHA erstattar eventuelle tidlegare avtalar som gjeld personvern, og som regulerer IKTNH si handsaming av personopplysningar på vegne av kommunen.

Avtalen er delt opp i fleire underkapittel. Ein kan nå desse ved å peike og klikke på kapitlet si overskrift i lista under, eller på referansenummeret nede på sida.

Print Friendly, PDF & Email