Konsekvensar ved terminering eller utløp av DHA

1 Ved terminering eller utløp av denne DHA skal datahandsamar sine handsamingsaktivitetar opphøyre, og datahandsmar skal, i tråd med instruks frå handsamingsansvarleg, anten slette eller returnere alle personopplysningar til handsamingsansvarleg, samt slette eksisterande kopiar, med mindre gjeldande personvernlovgjeving krev lagring av personopplysningane.
Datahandsamar skal sjå til at alle underleverandørar gjer det same.
2 Sletting av personopplysningar med eventuelle tryggleikskopiar skal skje på forsvarleg måte og i tråd med datahandsamar sine ålmenne rutinar for handsaming av tryggleikskopiar av den aktuelle datakategorien. Ein legg til grunn at datahandsamar sine rutinar er minst like trygge som relevant bransjepraksis til ei kvar tid er.
3 På forespurnad frå handsamingsansvarleg skal datahandsamar gi melding om dei tiltak som er gjennomført med omsyn til ferdigstilling av datahandsaminga.

Attende til framsida.

Print Friendly, PDF & Email