Underleverandørar

1 Handsamingsansvarleg godtek at datahandsamar kan nytte leveransar og tenester frå tredjeparts datahandsamarar for på beste måte å stette dei forpliktingar som framgår av denne DHA. Ein legg til grunn at handsamingsansvarleg legg til rette for bruk av underleverandørar gjennom å sjå til at naudsynte avtalar mellom underleverandør og handsamingsansvarleg er godkjente og signerte.
2 Det vert utarbeidd ei særskilt liste over underleverandørar som vert nytta andsynes den einskilde handsamingsansvarlege. Denne informasjonen er konfidensiell, og er ikkje ålment tilgjengeleg. Handsamingsansvarleg skal til ei kvar tid kunne få eit oppdatert oversyn over, og innsyn i innhaldet i, avtalar som datahandsamar gjer med tredjepart på vegne av handsamingsansvarleg. Også dette vil vere fortruleg informasjon, og ein legg til grunn at handsamingsansvarleg forvaltar denne informasjonen deretter.
Dersom datahandsamar planlegg utskifting av underleverandør eller å leggje til ny underleverandør, skal handsamingsansvarleg ha melding om dette innan rimeleg tid, slik at handsamingsansvarleg får høve til å vurdere om det er grunn til å motsetje seg introduksjon av ny underleverandør. Grunnlaget for å motsetje seg dette, er avgrensa til ei vurdering av dei praktiske og juridiske konsekvensane av introduksjon av ny underleverandør.
Skulle handsamingsansvarleg ha innvendingar mot introduksjon av nye underleverandør, skal desse formidlast skriftleg til datahandsamar snarast mogleg, og partane skal innen 14 dagar etter melding frå datahandsamar lojalt søkje å avklare om det er grunnlag for handsamingsansvarlege sine innvendingar. Dersom dette gjeld tilhøve som også omfattar andre handsamingsansvarlege partar, skal desse konsulterast undervegs.
Dersom datahandsamar til tross for handsamingsansvarlege sine innvendingar vel å introdusere ny underleverandør, kan handsamingsansvarlege velge å halde fram med å nytte ein tidlegare underleverandør, men må då dekkje datahandsamar sine ekstra kostnader med å leggje til rette for dette. Det vert også handsamingsansvarlege sitt ansvar å sjå til at det formelle grunnlaget for å halde fram med å nytte vedkomande underleverandør, er på plass.
3 Datahandsamar skal sjå til at eventuelle godkjende underleverandørar inngår skriftlege avtalar som syter for at dei har dei same forpliktingar med omsyn til vern av personopplysningar som det som er fastsett i denne DHA.
4 Datahandsamar er fullt ut ansvarleg andsynes den handsamingsansvarlege når det gjeld korleis underleverandøren fylgjer opp forpliktingane i høve DHA.
5 I den grad det er naudsynt for å verifisere at krava i gjeldande personvernlovgjeving vert stetta, kan handsamingsansvarleg kreve at datahandsamar reviderer underleverandør eller stadfestar at slik revisjon er gjennomført, eller, når dette er mogleg, innhentar eller bistår handsamingsansvarleg med å innhente, ein tredjemanns revisjonsrapport om underleverandør si drift.
Handsamingsansvarleg har også rett til, etter skriftleg forespurnad, å få overlevert kopiar av dei relevante vilkåra i datahandsamar sin avtale med underleverandør som skal handsame personopplysningar.

Attende til framsida.

Print Friendly, PDF & Email