Måltal for oppetid

Brukarane skal forvente kontinuerleg tilgjenge til IKTNH sine driftstenester. I praksis må ein rekne med eit visst avvik frå dette. Måltal for minimum oppetid er 99,5%, rekna på årsbasis.
Utrekning og rapportering av oppnådd tilgjenge skal utførast med utgangspunkt i det tilgjenget som er målt av dei verktøya som IKTNH nyttar til dette føremålet.
Utrekningane skal inkludere nedetid som ikkje er registrert av IKTNH sine system for overvaking, men som er innrapportert til IKTNH sitt brukarstøttesystem, som kan knytast til IKTNH sitt driftsansvar for kommunen sitt driftsmiljø, og som påverkar tilgjenget til eitt eller flere program for ein eller fleire brukarar.
Utrekningane skal ikkje inkludere nedetid som skuldast tilhøve som :

  • Planlagt og varsla vedlikehald
  • Brot på desse føresetnadane :
    • At kommunen skal gi umiddelbart og naudsynt tilgjenge for IKTNH sine tilsette, mellom anna naudsynt tryggleiksklarering, tilgjenge til lokale og fasiliteter for utføring av vedlikehald av tenestene.
    • At kommunen skal stille med tilgjengeleg og tilstrekkeleg personell for assistanse og samarbeid med IKTNH, for utføring av feilsøk og feilretting. Ressursane skal vere tilgjengelege tilsvarende avtalt servicetid.
    • Nedetid forårsaka av kommunen sine eller tredjeparts applikasjonar, utstyr eller fasilitetar, som ikkje er levert av IKTNH.
    • Nedetid som skuldast handlinger eller tilhøve forårsaka av kommunen eller tredjepart.
    • Nedetid som skuldast Force Majeure, herunder straumstans og brann, samt andre tilhøve utanfor IKTNH sin kontroll.
    • Forseinkingar når feilmeldinga ikkje kan lukkast grunna til dømes manglande attendemelding frå kommunen.
    • Miljømessige tilhøve i kommunen sine lokale eller der tenesta vert levert eller utført (til dømes elektrisitet, temperatur, fuktigheit)
    • Kommunen gir feil/utilstrekkelig informasjon for naudsynt feilretting.
    • Unnlatingar eller feil ved bruk av utstyr, der dette skuldast kommunen eller tredjepart
    • Kommunen bed IKTNH om å utsetje feilrettinga
    • Feil eller misbruk av tenesta frå kommunen si side
Print Friendly, PDF & Email