Om tenesta :

Tenesta samordnar dei faktorane som sikrar at klientane i nettverket fungerer slik dei skal. Dette omfattar planlegging, innkjøp, tilrettelegging, teknisk vedlikehald og avhending av utstyr. Soleis er tenesta ein del av fleire tenesteområde.

Ein føresetnad for ei god samordning er at IKTNH og den einskilde kommunen har eit klårt bilete av kva ansvar den einskilde parten har. Dette er skildra i oversynet på neste side.

Kvalitetskrav :

  • Tryggleik : Ein viser her til det som står om datatryggleik på IKTNH si heimeside – dette finn ein her. 
  • Oppetid : Tenesteleveringavtalen har eit eige kapittel om oppetid, som også omfattar denne tenesta. Informasjon om oppetid finn ein her. 
  • Handsaming av nedetidssituasjonar : Oppretting av feil vert prioritert ut frå kva konsekvensar feilsituasjonen kan ha. Dette er gjort særskilt greie for i tenesteleveringsavtalen. Informasjon om dette finn ein her.

På neste side kan ein lese meir detaljert om denne tenesta.

Print Friendly, PDF & Email