Skildring av teneste

  • Dette er ei overordna skildring av mål for tenesta, og kva oppgåver tenesta skal omfatte.

 

Skildring av tenestelevering

  • Her vil ein finne ei skildring av dei ulike oppgåvene som til samen utgjer den aktuelle tenesta.

 

Kvalitetskrav :

  • Tryggleik : Ein viser her til det som står om datatryggleik på IKTNH si heimeside – dette finn ein her. 
  • Oppetid : Tenesteleveringavtalen har eit eige kapittel om oppetid, som også omfattar denne tenesta. Informasjon om oppetid finn ein her. 
  • Handsaming av nedetidssituasjonar : Oppretting av feil vert prioritert ut frå kva konsekvensar feilsituasjonen kan ha. Dette er gjort særskilt greie for i tenesteleveringsavtalen. Informasjon om dette finn ein her.

Skildring av føresetnader for oppfylling av tenestespesifikasjonane.

Her vil ein skildre kva føresetnader som må liggje til grunn for at IKTNH skal kunne løyse oppgåvene knytt til det einskilde tenesteområdet.
Det er skildra ein del generelle føresetnader for at IKTNH skal kunne levere tenester innan eit tenesteområde i tråd med inngått avtale. I tillegg kan det vere aktuelt å skildre særskilte føresetnader for at ei gitt teneste skal kunne verte utført i tråd med inngått avtale. Det vil ein i så fall finne i skildringa av tenesta i tenestekatalogen.

 

Skildring av rutinar for kvalitetskontroll

Alle tenestene som vert levert av IKTNH, vert kontinuerleg evaluert og resultata vurdert opp mot gjeldande kvalitetskrav for tenesta. Resultatvurderinga vert i nokre tilfelle gjort undervegs, i andre høve i samband med planlagt gjennomgang av eigne rutinar.

 

Skildring av prosedyrar for avvikshandsaming

Uynskte hendingar/avvik knytt til kommunane sin bruk av data skal meldast. Alle tilsette i kommunen pliktar å melde frå om uynskte hendingar / avvik som er knytt til kommunen si forvaltning av data.

IKTNH har utarbeidd ei eiga orientering om korleis ein kan gjere dette – den finn ein her.

 

Print Friendly, PDF & Email