Skildring av teneste

  • Tenesta omfattar høve til kopiering, utskrift, skanning og faks. Alle tenestene vert levert gjennom multifunksjonsmaskiner plassert ut på strategiske lokasjonar i kommunen, i tråd med instruks frå kommunen. Avtalen med leverandør skal sikre at kommunane får tilgjenge til utstyr som dekkjer dei brukskrava som er gjeldande på vedkomande lokasjon.
  • Tenestene er lagt til rette for Sikker utskrift, det vil seie at tenester på ein skrivar kun vert utført etter at den som skal få utført denne, har logga seg inn som brukar på den aktuelle skrivaren. På den måten sikrar ein at brukar kan ha full kontroll med dei data som vert henta ut av eller lasta inn via ein skrivar.
    Alle maskinene skal ha denne funksjonen installert. Unnateke for dette er plottarar, skrivarar på legekontor og skrivarar nytta til utskrift for elevar.

 

Kvalitetskrav :

  • Tryggleik : Ein viser her til det som står om datatryggleik på IKTNH si heimeside – dette finn ein her. 
  • Oppetid : Tenesteleveringavtalen har eit eige kapittel om oppetid, som også omfattar denne tenesta. Informasjon om oppetid finn ein her. 
  • Handsaming av nedetidssituasjonar : Oppretting av feil vert prioritert ut frå kva konsekvensar feilsituasjonen kan ha. Dette er gjort særskilt greie for i tenesteleveringsavtalen. Informasjon om dette finn ein her.

På neste side kan ein lese meir detaljert om denne tenesta.

Print Friendly, PDF & Email