Skildring av teneste

  • IKTNH fører rekneskap for bruk av all programvare som er knytt til nettverk og servarpark.
  • IKTNH foretek utbetaling av alle lisensutgifter som er knytt til programvare som vert nytta i felles infrastruktur, det vil seie i nettverk og servarpark.
  • IKTNH vidarefakturerer desse fellesutgiftene til kommunane i tråd med ein fordelingsnøkkel som er angitt i vedtektene for IKTNH.
  • Den einskilde kommunen har eit sjølvstendig ansvar for å rapportere eigen bruk av sluttbrukarlisensar innan oppsette tidsfrister. IKTNH vidareformidlar rekneskapstala frå kommunane til leverandørar som IKTNH har inngått lisensavtalar med på vegne av kommunane. Dette vert grunnlag for utrekning av lisenskostnader for all programvare som er knytt til maskinvare eller einskildbrukarar i kommunane, og som IKTNH har formidla leige av.

Skildring av rutinar for kvalitetskontroll

  • IKTNH må syne dokumentasjon på at grunnlaget for nytta talmateriale for lisensane IKTNH skal betale for, er korrekt, og at lisensregistrering og -innbetaling skjer i tråd med inngåtte avtalar.
  • Kvar kommune må kunne dokumentere at innrapportert talmateriale for lisensane kommunen skal betale for, er korrekt, og at lisensregistrering og -innbetaling skjer i tråd med inngåtte avtalar.

På neste side kan ein lese meir detaljert om denne tenesta.

Print Friendly, PDF & Email