Roller og ansvar

Eit overordna prinsipp er at IKTNH tek ansvar for alle felleslisensar og servarlisensar, og at kostnadane for dette vert fordelt på kommunane i tråd med vedteken fordelingsnøkkel. Døme på slike lisensar er

  • Microsoft servarlisensar
  • Citrixlisensar
  • Vmware

Kommunane har på si side eit sjølvstendig ansvar for å bestille og å føre rekneskap med sluttbrukarlisensar, og står ansvarleg for kostnadane med desse. Kvar kommune skal ha tilsette som tek seg av bestillarfunksjonen internt i kommunen.  Funksjonen skal ivareta kommunen sitt ansvar for å vere korrekt lisensiert.

Kommunane har sjølv ansvar for brukarlisensar. Lisensar vert kjøpt gjennom IKTNH sine lisensavtaler.

IKTNH heldt lisensar for felles servarar. Servarar som berre er i bruk av ein eller nokre få kommunar er administrativt under IKTNH, men vert betalt av den einskilde kommune. IKTNH har og ansvar for Citrix lisensar til sikker sone.

Døme på lisensar kvar kommune har ansvar for, er :

  • Adobe:
    • Adobe Pro DC
    • Adobe Creative Cloud
      (Desse finnest både som adm- og perlisensar.)
  • Microsoft:
    • Windows 10
    • Microsoft Office og Office 365, Skype for business
    • Klientlisensar:
      • Corecal (brukar og maskin)
      • Windows Server Cal,
      • Exchange Standard Cal,
      • Configuration Manager,
      • Virtual Machine Manager,
      • System Center Endpoint Protection,
      • Sharepoint Standard Cal,
      • Skype Standard Cal
    • Microsoft skuleavtale
Print Friendly, PDF & Email