Skildring av tenestelevering

  • IKTNH har ansvar for planlegging, oppsett og konfigurering av det logiske nettverket på det fysiske nettverket. Saman med IKTNH si brukaradministrering skal dette sikre at den einskilde brukar berre får tilgjenge til sine tildelte ressursar, uavhengig av korleis vedkomande loggar seg opp mot nettverket. Dette gjeld også for brukarar som har høve til å logge seg inn via internett.
  • IKTNH har ansvar for å dokumentere oppsett og konfigurering av det logiske nettverket, og dokumentasjonen vil vere tilgjengeleg for einkvar som har eit sakleg grunnlag for tilgjenge til han.
  • Skildring av gjeldande kvalitetskrav – tenestespesifikasjonar
  • Brukarar som har tilgjenge til nettverket, skal etter pålogging ha tilgjenge til sine ressursar frå einkvar lokasjon i dei samarbeidande kommunane.

 

Skildring av føresetnader for oppfylling av tenestespesifikasjonane

  • Brukar av adm-nett, ped-nett og sikker sone må vere registrert i felles AD.
  • Utstyr som vert nytta for tilgjenge til adm-nett, ped-nett og sikker sone, må vere konfigurert for dette.
  • Brukarar av gjestenett må kunne ta imot ein brukarnøkkel via sms. Denne har ei levetid på 30 dagar.

 

Skildring av rutinar for kvalitetskontroll

IKTNH innfører i løpet av 2020 NAC-løysing for kvalitetskontroll. Dette vil sikra at kjende og ukjende einingar blir plassert i deira respektive sone.

 

Skildring av prosedyrar for avvikshandsaming

Uynskte hendingar/avvik knytt til kommunane sin bruk av data skal meldast. Alle tilsette i kommunen pliktar å melde frå om uynskte hendingar / avvik som er knytt til kommunen si forvaltning av data.

IKTNH har utarbeidd ei eiga orientering om korleis ein kan gjere dette – den finn ein her.

 

Print Friendly, PDF & Email