Korleis vert opplysningane verna ?

  • IKTNH har etablert eit eige nettverk for transport av data frå og til den einskilde kommunen. For å få tilgjenge til nettverket, må ein nytte utstyr som er konfigurert for å kunne stå i nettverket, og ein må vere pålogga med gyldig brukarnamn og passord.
  • Med unntak av data knytt til telefonitenestene ligg alle data på vår servarpark, som brukarane får tilgjenge til via vårt eige nettverk. Servarparken er sett opp med tanke på kontinuerleg drift og rask attvinning av data dersom tekniske feil skulle oppstå.
  • Sensitiv personinformasjon vert lagra på ein eigen sikker sone, som krev særskilt pålogging.

Vert opplysningane vidareformidla ?

  • IKTNH har lagt til rette for at opplysningar som skal vidareformidlast, vert eksportert i tråd med instruks frå den einskilde kommunen.
  • Det er kommunen sitt ansvar å informere den registrerte om kva personinformasjon som vert vidareformidla, kven som er mottakar, og føremålet med vidareformidlinga.

Kva rutinar er det for sletting av opplysningane ?

Det er etablert ulike rutinar for sletting av personinformasjon :

  • Informasjon som ligg i fag- og arkivsystem vert handsama i tråd med rutinar som ligg i desse systema.
  • Når eit tilsetjingstilhøve vert avslutta, vil den tidlegare tilsette sin e-postkonto og personlege mappe på servar verte sett i karantene, slik at det er mogleg å sjekke ut korvidt det her er arkivverdig materiale som må takast vare på innan e-postkonto og personleg heimemappe vert sletta.

Kva rettar har den som personopplysningane er knytte til  ?

  • Det er den einskilde kommunen som har opplysningsplikt om dette.
Print Friendly, PDF & Email