Del 2 – Om IKTNH sin bruk av personinformasjon som grunnlag for tenesteyting

Kven er handsamingsansvarleg ?

  • Det overordna, juridiske ansvaret ligg hos dagleg leiar av IKTNH, Thomas Rønn-Aar.

Kva er føremålet med handsaminga av personopplysningar? Kva er det rettslege grunnlaget for bruken av dei ?

  • IKTNH nyttar personinformasjon frå kommunane sitt hrm-system som grunnlag for korrekt tildeling av e-postkonti, personlege lagringsmapper på servar, og tilgjenge til dei ressursane kvar einskild skal ha i nettverk og servarpark.
  • Det vert foreteke logging av all aktivitet mot internett, og denne kan koblast mot ip-adressa til eininga som var nytta.
  • I tillegg samlar IKTNH inn ein del personinformasjon i samband med administrering av telefonitenester. Desse vert nytta for eintydig identifisering av den einskilde brukar av telefonitenestene, og for å plassere vedkomande korrekt i organisasjonen.
  • I samband med brukarstøttetenester vert personinformasjon nytta for eintydig identifikasjon av den som melder inn saker til tenesta. Det er brukarnamnet til den einskilde som vert nytta som identifikator.
    Ut over dette vert namn på innmeldar, kommunen vedkomande arbeider i, samt jobbtelefonnummer og e-postadressa til vedkomande nytta som kontaktinformasjon.
  • Opplysningar knytt til e-post som IKTNH lagrar, er desse:
    • Namn på brukar
    • Namn på arbeidsgjevar
    • Bruksrettar knytt til webaksess
    • E-postadresse sendar/mottakar
    • Tidspunkt for sending/mottak av melding
    • Tekst i melding
    • Vedlegg til melding
  • Heimel for dette er i Personopplysningslova §6. 
Print Friendly, PDF & Email