Kva rutinar er det for sletting av opplysningane ?

Det er etablert ulike rutinar for sletting av personinformasjon :

  • Når eit tilsetjingstilhøve vert avslutta, vert den tilsette sin konto i AD sett i karantene i ein periode før den vert terminert.
  • Informasjonen knytt til telefoni vert sletta når abonnement vert endra eller sagt opp.
  • Informasjon knytt til brukarstøttetenester vert i utgangspunktet ikkje sletta.

Kva rettar har den som personopplysningane er knytte til  ?

«Den registrerte» er ein kvar som har personinformasjon som er samla inn og ligg lagra i kommunen sine informasjonssystem.

Den registrerte har fleire lovbaserte rettar, knytt til innsamling, bruk og lagring av informasjonen. Dette omfattar

  • rett til å gi samtykke
  • rett til innsyn
  • rett til å verte varsla ved avvik
  • rett til flytting av data
  • rett til korrigering av feil
  • rett til sletting

Ein viser til Datatilsynet si orientering om Den registrerte sine rettar.

 

 

Print Friendly, PDF & Email