Auka digitalisering med stadig større grad av gjenbruk av data, stiller heile tida strengare krav til trygg transport av data. Dette er ei tverrfagleg problemstilling som omfattar teknisk tilpassing av maskinvare og nettverksutstyr, i tillegg til at det stiller krav til at ulike applikasjonar kan kommunisere med kvarandre.
Dette har gjort at ein ynskjer å sjå på overvaking av kontroll med dataflyt som eit eige tenesteområde.

Tenesteområdet «Overvaking av og kontroll med dataflyt» skal tene fylgjande føremål:

  • Å sjå til at all dataflyt i og mellom applikasjonar og maskinvare i nettverk og servarpark, skjer med minimal risiko for at data vert endra eller sletta uløyves, eller at data vart send til destinasjonar dei ikkje skal sendast til.

Dette skjer gjennom fylgjande tiltak:

  • Det vert laga skildringar av kva data som vert transportert mellom applikasjonar og maskinvare, og kva som er «normalstatus» for denne datatransporten.
  • Det vert lagt til rette for dokumentasjon av denne datatrafikken, og utarbeidd grenser for avvik frå normalstatus. Dette vil vere dokumentasjon som kun vert delt med den/dei som har sakleg grunn til innsyn.
  • Utstyr og programvare som tek seg av dette vert innkjøpt og finansiert som ein del av den ordinære drifta av IKTNH sine tenester.
  • Det vert utarbeidd rutinar for oppfylgjing av slike avvik. Nokre av desse rutinane vert iverksette av IKTNH, andre rutinar må setjast i verk og fylgjast opp i den einskilde kommunen.

Kommunane og IKTNH har eit felles ansvar for at dataflyten skjer i tråd med oppsette rutineskildringar, og at avvik frå desse rutinane vert fylgd opp.

  • Kommunane har ansvar for å instruere IKTNH om kva data som skal kunne transporterast, og kva applikasjonar og tenester dei skal transporterast mellom. I den grad dette gjeld data som vert transportert mellom applikasjoner og tenester som er ein del av felles løysingar, kan instruksjon gjevast på vegne av fleire kommunar/alle kommunane.
  • Kvar kommune har eit sjølvstendig ansvar for å fylgje opp avvik som skuldast menneskeleg svikt hos sine tilsette.
  • Kvar kommune har eit sjølvstendig ansvar for å melde frå til IKTNH om avvik som kan skuldast tekniske årsaker eller manglar i tidlegare gitt instruks.
  • IKTNH har ansvar for å hjelpe kommunane med å setje opp og dokumentere instruksar om dataflyt.
  • IKTNH har ansvar for å sjå til at dataflyten skjer i tråd med kommunane sine instruksar.

Nedunder er eit oversyn over tenester knytt til dette tenesteområdet :

Print Friendly, PDF & Email