Skildring av tenestelevering

  • Programvaresenteret er eit hjelpeverktøy som skal sikre den einskilde brukar tilgjenge til dei program og dataressursar elles som vedkomande treng for å kunne arbeide ved ein eller fleire ulike arbeidsstasjonar.
  • Når ein brukar har logga seg på ein pc som står i SING-nettet, kan programvaresenteret opprette oversikt over kva programvare som er installert på vedkomande pc og kva programvare brukaren skal ha tilgjenge til, og via programvaresenteret kan brukar laste ned og installere programvare vedkomande brukar har trong for å supplere med.
  • IKTNH ser til at programvaresenteret fungerer i tråd med skildra funsjonalitet, gjennom å sjå til at aktuell programvareportefylgje til ei kvar tid er oppdatert og tilgjengeleg i systemet.

Skildring av føresetnader for oppfylling av tenestespesifikasjonane.

Ein må leggje til grunn at IKTNH er gjort kjend med kommunane sine ynskje om og behov for programvare, og at kommunane har sytt for at det vert gjort opp for lisenskostnadane.

 

Skildring av rutinar for kvalitetskontroll

Alle tenestene som vert levert av IKTNH, vert kontinuerleg evaluert og resultata vurdert opp mot gjeldande kvalitetskrav for tenesta. Resultatvurderinga vert i nokre tilfelle gjort undervegs, i andre høve i samband med planlagt gjennomgang av eigne rutinar.

 

Skildring av prosedyrar for avvikshandsaming

Uynskte hendingar/avvik knytt til kommunane sin bruk av data skal meldast. Alle tilsette i kommunen pliktar å melde frå om uynskte hendingar / avvik som er knytt til kommunen si forvaltning av data.

IKTNH har utarbeidd ei eiga orientering om korleis ein kan gjere dette – den finn ein her.

 

Print Friendly, PDF & Email