Skildring av tenestelevering

  • Det skal liggje føre ein årsplan for gjennomføring av risikovurderingar. Denne har kommunane innsynsrett i.
  • Gjennomført risikovurdering, samt skildring og gjennomføring av tiltak vert dokumentert. Denne dokumentasjonen er konfidensiell, men vert gjort tilgjengeleg for instansar som har krav på innsyn i han.
  • Dersom einskilde tiltak føreset kommunal medverknad, skal kommunane informerast om dette. Informasjonen skal berre omfatte den delen av dokumentasjonen som er naudsynt for at kommunen skal kunne fylgje opp slike tiltak.

 

Skildring av føresetnader for oppfylling av tenestespesifikasjonane

  • IKTNH set av naudsynt tid til gjennomføring av risikovurderingane
  • Kvar einskild kommune må fylgje opp naudsynte justerande tiltak

 

Skildring av rutinar for kvalitetskontroll

Dokumentasjon skal til ei kvar tid vere tilgjengeleg for den/dei som har sakleg grunn for tilgjenge.

 

Skildring av prosedyrar for avvikshandsaming

Uynskte hendingar/avvik knytt til kommunane sin bruk av data skal meldast. Alle tilsette i kommunen pliktar å melde frå om uynskte hendingar / avvik som er knytt til kommunen si forvaltning av data.

IKTNH har utarbeidd ei eiga orientering om korleis ein kan gjere dette – den finn ein her.

 

Print Friendly, PDF & Email