Skildring av tenestelevering

  • Det skal liggje føre ein årsplan for gjennomføring av risikovurderingar. Denne vert utarbeidd i samarbeid med kommunane, og i den grad dette er tenleg, vere ein del av rulleringa av den einskilde kommunen sine beredskapsplanar.
  • Gjennomført risikovurdering, samt skildring og gjennomføring av tiltak vert dokumentert. Denne dokumentasjonen er konfidensiell, men vert gjort tilgjengeleg for instansar som har krav på innsyn i han.
  • Tiltak som vert gjennomført av IKTNH på vegne av alle kommunane, vert finansiert over IKTNH sitt driftsbudsjett.
  • Tiltak som den einskilde kommunen gjennomfører for seg, vert finansiert av kommunen sjølv.

 

Skildring av føresetnader for oppfylling av tenestespesifikasjonane

  • IKTNH set av naudsynt tid til gjennomføring av risikovurderingane
  • IKTNH arbeider naudsynte ressursbehov knytt til gjennomføring av risikovurderingane , inn i sitt driftsbudsjett
  • Kvar einskild kommune må fylgje opp naudsynte justerande tiltak

 

Skildring av rutinar for kvalitetskontroll

  • Dokumentasjon skal til ei kvar tid vere tilgjengeleg for den/dei som har sakleg grunn for tilgjenge.

 

Skildring av prosedyrar for avvikshandsaming

Uynskte hendingar/avvik knytt til kommunane sin bruk av data skal meldast. Alle tilsette i kommunen pliktar å melde frå om uynskte hendingar / avvik som er knytt til kommunen si forvaltning av data.

IKTNH har utarbeidd ei eiga orientering om korleis ein kan gjere dette – den finn ein her.

 

Print Friendly, PDF & Email