Skildring av teneste

Servarparken tener to funksjonar:

  • Den skal vere lagringsplass for alle data som den einskilde kommunen lagrar på eigne servarar på bakgrunn av sitt tenesteytings- og forvaltningsansvar. Lagring av data her skal stette alle krav som vert stilte til lagring av dei ulike datakategoriane dette omfattar.
  • Den skal ha naudsynt plass til dei fag- og systemapplikasjonane som kommunane nyttar i forvaltninga av data.

 

For å kunne stette desse to funksjonane må fylgjande krav vere oppfylte:

  • Det skal til ei kvar tid vere tilstrekkeleg lagringskapasitet på servarane. I dette ligg at IKTNH har ansvar for at det til ei kvar tid er kjøpt inn tilstrekkeleg med lagringskapasitet.
  • Servarane skal til ei kvar tid ha tilstrekkeleg datakraft til at brukarar får tilgjenge til sine data utan unødig ventetid, og at brukarar av applikasjonar som ligg på servarane ikkje opplever at applikasjonane går tregt grunna manglande datakraft.
  • Det skal gjennomførast tiltak som medfører at lagra data er verna mot uløyves innsyn.
  • Det skal gjennomførast tiltak som medfører at data er verna mot utilsikta tap.

 

Kvalitetskrav :

  • Tryggleik : Ein viser her til det som står om datatryggleik på IKTNH si heimeside – dette finn ein her. 
  • Oppetid : Tenesteleveringavtalen har eit eige kapittel om oppetid, som også omfattar denne tenesta. Informasjon om oppetid finn ein her. 
  • Handsaming av nedetidssituasjonar : Oppretting av feil vert prioritert ut frå kva konsekvensar feilsituasjonen kan ha. Dette er gjort særskilt greie for i tenesteleveringsavtalen. Informasjon om dette finn ein her.

På neste side kan ein lese meir detaljert om denne tenesta.

Print Friendly, PDF & Email