Skildring av tenestelevering

  • IKTNH syter for innkjøp og konfigurering av servarar slik at det til ei kvar tid er tilstrekkeleg lagringskapasitet. Dette inkluderer lagringskapasitet for backup. Denne skal vere konfigurert slik at eit mogleg totalt samanbrot av eitt lagringsområde ikkje påverkar backupløysinga.
  • IKTNH ser til at det til ei kvar tid vert nytta rett versjon av systemprogramvare og annan programvare som ligg på servarane.
  • IKTNH ser til at alle servarar og alt nettverksutstyr fungerer etter føresetnaden, og foretek justeringar, reparasjon og utskifting etter behov.

 

Skildring av føresetnader for oppfylling av tenestespesifikasjonane

Ein må leggje til grunn at IKTNH har eit driftsbudsjett som gjer at det kan foretakast planlagte oppgraderingar, justeringar og utskiftingar, samt foreta naudsynte utbetringar ved behov.

Ein må leggje til grunn at dersom ekstraordinære behov krev investeringar ut over budsjetterte rammer, kan dagleg leiar i samråd med styret i IKTNH beslutte å foreta ekstraordinære innkjøp for å normalisere situasjonen.

 

Skildring av rutinar for kvalitetskontroll

IKTNH skal til ei kvar tid kunne dokumentere kor stor del av tilgjengeleg lagringskapasitet som vert nytta.

 

Skildring av prosedyrar for avvikshandsaming

Uynskte hendingar/avvik knytt til kommunane sin bruk av data skal meldast. Alle tilsette i kommunen pliktar å melde frå om uynskte hendingar / avvik som er knytt til kommunen si forvaltning av data.

IKTNH har utarbeidd ei eiga orientering om korleis ein kan gjere dette – den finn ein her.

 

Print Friendly, PDF & Email