Skildring av føresetnader for oppfylling av tenestespesifikasjonane.
Alle hendingar og tenesteførespurnader skal registrerast i brukarstøttesystemet – også når det gjeld kontakt direkte mellom t.d. tredjepartsleverandør og superbrukar i ein kommune. Henvendingar utanfor ServiceDesk og brukarstøttesystemet får inga prioritering og vert dermed ikkje fylgd opp i samsvar med krav til tenesteleveranse

Skildring av rutinar for kvalitetskontroll
Alle brukarstøttetenestene som vert levert av IKTNH, vert evaluert og resultata vurdert opp mot gjeldande kvalitetskrav for tenesta. Resultatvurderinga vert i nokre tilfelle gjort undervegs, i andre høve i samband med planlagt gjennomgang av eigne rutinar.

Skildring av prosedyrar for avvikshandsaming

Uynskte hendingar/avvik knytt til kommunane sin bruk av data skal meldast. Alle tilsette i kommunen pliktar å melde frå om uynskte hendingar / avvik som er knytt til kommunen si forvaltning av data.

IKTNH har utarbeidd ei eiga orientering om korleis ein kan gjere dette – den finn ein her.

Print Friendly, PDF & Email